Informasjon
Orientering om påmelding til dåp
For å starte utfylling treng de eit 11-sifra fødselsnummer. Dersom de ikkje har fødselsnummeret til barnet enno, kan de bruka dykkar eige. De vil få ein kode på sms for å gå vidare i prosessen. Vel kyrkje og dato. I første omgang er det nok å fylle ut namn på barnet og kontaktinformasjon til dykk foreldre. Har de enno ikkje bestemt namn på barnet, kan de likevel sende påmelding. Etter at dato for dåpen er stadfesta, kan de seinare gå til "Eg vil opna ei registrering", og oppdatere innhaldet med til dømes fadrar.
NB! Bruk same person - og telefonnummer som ved første innlogging.
Opplysningane me samlar inn ved påmelding vil bli nytta i samband med oppfølging av dåpen.