LysVaken


 

Alle 5. klassingane i kommunen vert inviterte til felles LysVaken-helg i Suldal kyrkje og bedehus.  

Her er fokuset på å vere vaken for Gud, for kvarandre, for seg sjølve og for verda. Denne helga får dei boka 'Teikneseriebibelen', som me også brukar i samlingane. Boka presenterer veldig mange historier frå både det gamle og det nye testamentet i ei form som er lett tilgjengeleg for aldersgruppa. 

5. klassingane får denne helga undervisning, fellesskap og kjennskap til kyrkja, og dei får vere med og lage til gudsteneste på søndagen. Dei som vil, overnattar i kyrkja. 

 











 


  

Tilbake