Marvik kapell 100 år


I september 2021 var det 100 år sidan Marvik kapell blei innvigd. Ingvar Olimstad har skrive om kapellet frå planlegginga til i dag.

 

Foto: Jan Nordtveit

Marvik kapell er det yngste av kyrkjehusa i Suldal. Men vi kan ikkje godt kalla kapellet ungt lenger, for 25- september 2021 er det hundre år sidan det blei vigsla.  
           Det var ikkje alltid så greitt å koma til kyrkje på Jelsa. Når haust- og vinterstormane sette inn, kunne det vera meir enn baske å fara utover mot fjordgapet. Folk ønskte ein stad i heimegrenda der dei kunne samla seg om gudsordet. Så dukka tanken om eit kombinert bedehus og kapell opp. Men vegane på nordsida av fjorden var lite utbygde og skulekrinsane var avstengde frå kvarandre. Når ein samla seg om Marvik, var det nok på grunn av det høge folketalet i krinsen, dessutan hadde ein alt fått ein «hjelpekirkegård» der (i 1915). Krinsen hadde elles dyktige folk som tala deira sak i heradstyret. Den fremste var Ola Marvik. Han var varaordførar og ivrig kyrkjemann.
          I januar 1917 kom det fart i førebuingsarbeidet. Folk frå begge sider av fjorden møttest for å rådslå «angaaende opførelse av et bedehus, der tillige kunde bli benyttet som kapel.» Då hadde alt folk frå Marvik, Refsbygda, Åserød, Jårvik og Høyvik teikna seg for bidrag på til saman 3465 kr. Det blei søkt Jelsa herad om bidrag, og heradstyret løyvde 1500 kr. (Seinare gav heradstyret 1000 kr i tillegg.) Men dette var ikkje nok, og komitéen var redd for å setja i gang. Etter forslag frå sokneprest Olav Høstmark Løve  blei det då bestemt å laga ein fest 24. juni, og «naar man saa paa denne fest var færdig med det opbyggelige om Guds ord kunde det ogsaa tales og forhandles om husets opbyggelse.»
          I 1919 hadde ein samla inn så mykje pengar at Ola Marvik blei pålagt å reisa til Sandnes og skriva kontrakt med byggmeister Palle Thu om oppføring av bygget. Inntil 15.000 kr skulle Thu ha.
         Huset kom opp i 1920 og blei som nemnt vigsla året etter. Kapellet er bygt som ei vanleg langkyrkje etter teikningar av arkitekt Johs Th. Westbye, og har 120 sitjeplassar. Men motsett mest alle andre kyrkjer der altar og kor vender mot aust, vender altaret i Marvik kapell mot vest.
         Under vigslingshøgtida blei det unike samarbeidet mellom kyrkja og lekmannsrørsla understreka. Då stod sokneprest Johannes Hasli (sokneprest i Jelsa 1918-23) saman med emissærar frå Kinamisjonen og andre misjonar. I statuttane stod det at når kapellet var brukt som bedehus og altså ikkje til kyrkjelege handlingar, skulle altar og kor vera avskilt med eit forheng. Men skulle det brukast som kapell, stod det «til raadighet efter de lovlige kirkelige anordninger, og under menighedsraadets tilsyn.» Slik var det fram til 2009. Frå då av trong ein ikkje lenger dela kyrkjerommet med eit forheng.
         Noko nytt er kome til sidan bygget blei vigsla. Midt på 1980-talet kom det bårehus på plass, og kyrkjegarden blei utvida.
         I 1980-81 blei kapellet måla og fjelga opp innvendig og fekk dei fine fargane. Det var Grete Holmboe som var konsulent for det arbeidet.
         Same året kom den vakre altartavla med motiv frå påskeevangeliet på plass. Den er laga av Carlo Isachsen.
         Ikkje lenge etter, i 1983, fekk kapellet den vakre altarduken. Den er brodert og sydd av Anna Stokka. Same året fekk kapellet lysestakane på altaret. Dei var gåve frå Suldal kommune.
        Også til jubileet får altaret ei fornying. Då kjem det nytt antependium (det raude forhenget framfor altaret). Det er laga av Kristin Fredheim.
        Kapellet hadde tidlegare eit trøorgel, men i år 2002 blei dette orgelet bytt ut med eit lite pipeorgel. Dessutan er det kome piano i kapellet.
        Midt på 1990-talet fekk kapellet ny kyrkjeklokke med automatisk ringing. Før den tid var det ei skipsklokke som blei brukt. Den kan enno bli brukt når automatikken sviktar, slik det var ei julaftan for nokre år sidan. Det var forferdeleg  ver, og snøen dreiv inn og la seg kring kilereima. Då laut kyrkjetenar Magnar Stokka opp i tårnet og kima med den gamle skipsklokka.
        Sidan kapellet også skulle fungera som bedehus, var det kjøkken med i bygget. Det er seinare blitt kraftig utvida. Elles er dei gamle benkene bytte ut med jærstolar, og kapellet kan i det heile brukast til mange slags samkomer. Men i dag kan folket på halvøya ta seg fram på gode vegar, og det gjer at bedehuset i Kjølvik har blitt felles samlingsstad for mykje av bedehusaktivitetane. Derimot har barne- og ungdomsaktivitetar i kyrkjeleg regi auka på i kapellet. Så er det også blitt lett å ta seg fram til kapellet i Marvik og gudstenestene og kyrkjelege handlingar der når klokka kling og kallar og helsar med fred Guds born!

Denne artikkelen byggjer mykje på ulike manuskript, brev og utklipp som Magnar Stokka har samla. Elles har eg plukka litt her og der.

                                                                                                                          Ingvar Olimstad

 

Tilbake