Alle rettigheter 2020 Suldal kyrkjelige fellesråd

Babysong


Babysongen er avlyst inntil vidare. Ny info når me veit meir. Medan de ventar, sjå her

 

 

 


 

 

Biletet er frå siste babysongen hausten 2018;  eit av dagens mange høgdepunkt er den store badeballen med dei fargerike fiskane på.

Babysong våren 2020 
Torsdagar kl 11 på Sand bedehus

Det er uvisst kva tid me kan starta opp igjen med babysong, om nokon av dei datoane som var planlagte blir noko av. 
19. mars avlyst
26. mars  avlyst
2. april kanskje også denne avlyst?
16. eller 23. april??
Følg med på denne sida og/eller på facebook Kyrkja i Suldal
(Påmelde deltakarar får sms ved enventuelle forandringar)
Men syng  heime med barna! Det er viktig. Kva det syng er ikkje så nøye, men her ligg iallefall songhefte me brukar på babysong. Dei flest av songane finnes på spotify og/eller apple music. Her ligg ei lita babysongstund på facebook frå Manglerud kyrkjelyd.
Påmelding

Brosjyren om babysong
Frå og med 1. oktober 2018 får ikkje kyrkja lenger informasjon om nyfødde før foreldra eventuelt  melder dei til dåp. Difor kan me heller ikkje senda personleg invitasjon til babysong. Informasjon kan ein få på helsestasjonen og ved å følgja med her på kyrkja si nettside og facebooksida (Kyrkja i Suldal). Det blir òg hengt opp plakatar på Sand ved starten av ny sesong.


Glimt frå babysong:
Rytmeegga raslar, ballongane flagrar og såpeboblene flyg medan babyane leikar seg gjennom songstunda på Sand bedehus. Mange godlydar og frydefulle smil frå dei små gjer også stunda til ei oppleving for dei vaksne. Babyane finn òg høve til å utforske jamaldringar, og er ikkje beskjedne når det gjeld å klappe og kjenne litt på naboen. Det er flott å sjå korleis babyane responderer på songen og rytmane!

Kyrkja i Suldal har arrangert babysong på Sand bedehus sidan 2006.

                
..Stor bølge............................................                                              ... Liten bølge........

Dersom du har ein baby frå "alder nyfødd " til 1 år er du hjarteleg velkommen til å
vera med .


Me begynner kl 11.00. Songstunda varer omlag 45 minutt. Etterpå har me tilbod om kaffi/te/vatn om du vil sitja ei stund - og kanskje eta niste. Det har òg vore vanleg at babymødre treffest på kulturhuset etter songen. Gjer det som passar for deg.

Dersom du lurer på noko, ta kontakt med Turid Børtveit Skjelstad på tlf: 52 79 02 03

 
"Bomchikkabom!.....åååå....." Kitlar litt i magen (Bilete frå våren 2010)

 
 Såpebobler er gøy!
 
Men kor blei dei av...? bilete frå våren 2014
 
    
"Trille, trille ballen bort til ein eg likar godt.." 
Spennande med så stor ball. Her er det fleire som vil ha han samtidig. (Bilete frå 2018)
 
 
 

Tilbake