Generasjonsweekend på Stemnestaden leirplass 15.-17. januar 2027. Påmeldinga opnar 28 september.
VELKOMMEN …… til ei helg for ALLE GENERASJONAR på tvers av bygdene i Suldal på Stemnestaden leirplass i Grinde i Tysvær kommune.
I løpet av helga blir det god tid til fellesskap for både små og store, bibelsamlingar for ulike aldersgrupper, god mat og moglegheit for å symje, leike, klatre, gå ein tur eller berre kose seg i peisestova på laurdag ettermiddag.
Temaet for helga er «Levande vatn».
Thomas Thesen (regionleder i Normisjon Rogaland) skal ha undervisninga for dei vaksne på fredag og laurdag, mens sokneprest Toralf Veum Ladstein held gudstenesta på søndag. I tillegg får vi med oss ein flott gjeng med lokale medarbeidarar som bidreg på ulike måtar.
Det hadde vore stor stas om du også blei med oss til Stemnestaden i januar!
Les meir her