Som ein del av den internasjonale Alpha-rørsla inviterer også kyrkjelydane i Suldal til kurs!
Alpha-kurset tek opp dei mest sentrale spørsmåla i den kristne trua, som til dømes:
- Er livet meir enn det daglege?
- Kven er Jesus, og kvifor døydde han?
- Kvifor bry seg om Jesus?
- Korleis kan me tru?
- Kvifor og korleis lesa Bibelen?
Gjennom undervisning, gruppesamtalar, litt mat og sosialt samvær får me utforska slike tema i eit miljø som er avslappa og uformelt. Ingen vert pressa til å bidra utanfor si eiga komfortsone.
Interessert? Les vidare …
Alpha-kurs hausten 2025
Kurset startar med ein Alpha-middag tysdag 23. september kl. 18.30. Denne kvelden fungerer som ei «prøvekveld» for alle som er nysgjerrige. Det er heilt uforpliktande å bli med – og du bestemmer sjølv i løpet av kvelden, eller etterpå, om du vil delta på resten av kurset.
Kurset går vidare over minst åtte tysdagssamlingar, i tillegg til ei helgesamling.
- Tid: Tysdagar kl. 19.00–21.15
- Stad: Betel i Erfjord
- Helgesamling - dato vil bli avklart før Alpha-middagen.
· Kurset er gratis. Me set pris på eit frivillig tilskot til matservering.
Påmelding til Alpha-middag: innan 14. september
Påmelding HER