I februar og mars vert det Kongeklubb-samlingar i Sand kyrkje!
Frå midten av februar og fram mot påske vert det Kongeklubb-samlingar for 1. og 2. klassingar som går på Sandskule.
Kongeklubben (tidlegare kalla Dåpsskulen) er samlingar etter skuletid der me blir kjende i kyrkja og lærer om det som finst der, lærer om kven som er Kongenes Konge, om dåp og nattverd og mykje meir. Me startar alltid samlingane med å ha eit enkelt måltid saman. Me høyrer frå Bibelen, har aktivitetar, bygg lego, syng litt, leikar, og av og til lagar me noko fint.
Samlingane vert i Sand kyrkje 5 tysdagar frå rett etter skulen til ca kl 15:45.
Me møter barna utanfor skulen rett etter skuletid, og så kjører me saman ned til kyrkja. Dei som skal tilbake til SFO vert kjørde dit når samligna er ferdig.
Datoane for Kongeklubben er: 17/2, 3/3, 10/3, 17/3 og 24/3.
Me deltek også i internasjonal familiegudsteneste søndag 22/3 kl 16.
Me gledar oss til å bli kjende med flotte deltakarar!
Her kan de melde på barnet.
Ta kontakt med meg (Nina) dersom de ikkje får til påmeldinga, eller om de lurer på noko - tlf 91 52 19 44, epost nn372@kyrkja.no :)