Har du ein baby og litt ledig tid om torsdagane - ja då er du hjarteleg velkomen på babysong!
Me samlast på torsdagar frå klokka 11.00 på Sand bedehus.
Datoar for våren: 5/2, 12/2, 19/2, 5/3, 12/3, 19/3, 26/3, 9/4, 16/4, 23/4.
Først har me ei songstund på ca 35 min. Etterpå har me kaffi/te/vatn om de vil sitje ei stund - og kanskje ete niste. Heilt valfritt, sjølvsagt - gjer det som passar best 😊
Meld dykk på her om de ønskjer å vere med (de treng sjølvsagt ikkje vere med kvar gong sjølv om de melder dykk på! Men de vil få info og påminningar på sms :) )
Kva er babysong?
- Song, musikk, rim og regler, rytmeinstrument, såpebobler m.m
- Ei kjekk stund saman for babyen og mor/far
- Babyar som har stor glede av å sjå kvarandre og vere saman
- Treffstad for nybakte foreldre med god tid til prat