4-årssamling og 4-årsbok
4-åringane får 4-årsboka utdelt på ei familiegudsteneste. Ein ettermiddag i veka før utdelinga er det samling i kyrkja der dei blir kjende i kyrkjerommet og får førebu seg til og øva på det som skal skje i kyrkja på søndagen. Dei øver både på å gå inn i prosesjon, å ta imot bok og å synga nokon av songane som står i boka. I tillegg får dei som oftast læra litt om korleis ein dåp føregår ved å ”døypa” ei dokke. Eit kveldsmåltid høyrer òg med til samlinga. Etter nokre års erfaring med desse samlingane, ser ein tydeleg kor mykje tryggare barna er på gudstenesta når dei har vore med på slik øving.
Datoar for utdeling hausten 2020:
Sand kyrkje 20. september
Erfjord kyrkje 18. oktober
Marvik Kapell 25. oktober
Nesflaten kapell 22. november
Suldal kyrkje 29. november
I år har me ei heilt ny kyrkjebok frå IKO-forlaget, skrive av Sindre Skeie og illustrert av Henning Trollbäck. Her er ein liten presentasjonsvideo
4-årssamling Erfjord 2012.
Far og dotter i full konsentrasjon (Leit i kyrkja og finn det som er på bileta)
4-årssamling i Sand kyrkje 2014
4-årsboka blir oftast delt ut på hausten. Datoar blir oppgjevne her på nettsida når dei er bestemte. Det blir sendt ut invitasjon ei stund på førehand til alle som står i kyrkja sitt medlemsregister.
|