Gravfed i kyrkja


Det er dei næraste pårørande som har ansvar for gravferda.

Eit gravferdsbyrå kan ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd. Ein kan òg velja å gjera det meste sjølv.

Som pårørande er det viktig å ta seg litt tid til å kjenna på og snakka om kva for delar av førebuingane ein ønskjer å gjera sjølv. Her kan kyrkjelege tilsette, både prest og diakon, vere gode samtalepartnarar. 

Ved ønskje om gravferd i kyrkja er det viktig å tidleg kontakta prest for å gjera avtale om tid for gravferd og samtale før gravferda. Dette kan du(de) gjera sjølv eller du(de) kan be gravferdsbyrået gjera det. I Suldal er det Toralf Veum Ladstein og Rolv Henrik Øye som er sokneprestar. Dei har kvar sine veker dei har ansvar for gravferd. På dagtid kan ein ringa kyrkjekontoret på tlf nr 52 79 02 00 for å komma i kontakt med den av prestane som har gravferdsvakt. I helger og på kveldar kan ein prøva ringa ein av prestane, men det er ikkje alltid dei har høve til å svara. Men dei vil ringa opp igjen om dei ser nokon har prøvd å ringa. Telefonnummer finn de under "Kontakt".

Tilbake
Del