Alle papir skal ordnast gjennom folkeregisteret. Det skal fyllast ut ulike skjema, og desse kan de finna her eller ved å venda dykk til folkeregisteret i kommunen. Skjemaet "Prøving av ekteskapsvilkår" er det skjemaet som me treng for å gjennomføra vigselen. Dette skjemaet må difor sendast til kyrkjekontoret i god tid før vigsel. Ver merksam på at prøvingsattesten er gyldig kun i fire månader frå utskrivingsdato, så de må ikkje vera for tidleg ute.