Ønskjer de vigsel i ei av kyrkjene i Suldal, tek de kontakt med kyrkjekontoret på telefon 52 79 02 00 eller e-post: post@suldal-kyrkje.no for å bestilla tid og stad.
Når brur eller brudgom bur i Suldal eller har budd her i oppveksten og har nær familie som framleis bur her, så kostar det ikkje noko å gifte seg i kyrkjene/kapella i Suldal. Dersom ein ikkje har slik tilknyting, må ein betala for bruk av kyrkja, og også for organist, prest og kyrkjetenar. Dette gjeld også dersom ingen av brudefolka er medlem i Den norske kyrkja. Nærare opplysningar om dette får de på kyrkjekontoret.