Konfirmantar


Hugs gjerne på konfirmantane våre

 

I Erfjord kyrkje er no bilder av fjorårets konfirmantkull 'arkivert' på veggen i sakristiet, saman med alle konfirmantkulla sidan 2005/2006. Der vert dei beundra m.a. når der er soknerådsmøter.

Årets gjeng er no kommen opp i våpenhuset i kyrkja - og minner på den måten kyrkjelyden på kven som er konfirmantane dette året, og på å hugse på dei i bøn og inkluderande omsorg.

I fleire av sokna våre har konfirmantane faste forbedarar - TAKK til dei som har den oppgåva! Samtidig er det fint om me alle har eit ekstra hjarte og tanke for konfirmantane våre gjennom året, og hugsar på dei.

Måtte konfirmantåret 2022-23 bli minnerikt, velsigna og positivt for dei alle heart

Tilbake