Miniklubben på Jelsa


Kanskje visste du ikkje om Miniklubben frå før? Her får du lære litt om dette nydelege tilbudet for dei små på Jelsa :)  

 

Omtrent annakvar tysdag er det treff i Miniklubben på Jelsa for alle barn mellom 3 år og 1. klasse – oftast møtest dei heime hjå leiarane Helga og Sveinung, nokre gonger er dei i gymsalen eller ute. Barna i aktuell alder møter flittig opp, og då kyrkjepedagogen var på besøk på klubben var det lett å merke at her var det trygt og godt for barna å komme! 

 

Helga og Sveinung Nessa har drive Miniklubben sidan 2016.

 

På samlingane høyrer dei frå Bibelen, syng saman, leikar og kanskje lagar dei noko fint? 

 

Er det nokon som kunne tenkje seg å bidra med noko til Miniklubben til hausten (kanskje du hadde hatt lyst til å bake noko til dei ein gong, t.d.?) eller har spørsmål, ta gjerne kontakt med Helga Nessa på tlf 99 15 08 99.

 

På bildet ser du nokre av barna som har gått på Miniklubben denne våren - frå ventre: Birk Bore Josdal, Emilia Fugleberg Solheim, Solhill Love Johnsen Barka, Jon Nessa, Bennik Landsnes Johnsen, Selmer Nessa.

Tilbake