Margit Haver takkar av


Sokneprest Margit S Haver går av med pensjon - på søndag var det avskjedsgudsteneste i Erfjord kyrkje - og Heidi H. Wigestrand har gjort dette intervjuet med Margit i samband med at ho no takkar av.

 

Margit Strandenæs Haver tok presteutdanninga som vaksen med tanke på å bli barne-og familieprest. Det var utelukka at ho skulle bli sokneprest.

Ulike omstende førte henne likevel til Suldal, først som vikar i Sand og Suldal prestegjeld, før ho fekk fast jobb som sokneprest i Jelsa og Erfjord prestegjeld i 2014.

– Då eg var ung var det for meg utenkeleg å bli prest fordi motstanden mot kvinnelege prestar den gongen var så stor. Eg utdanna meg den gong til lærar, noko som også føltest meiningsfullt. Å ta prestutdanning som femtiåring hang ikkje berre saman med ønske om å bli prest, men var også praktisk forankra fordi denne utdanninga kunne eg ta utan å flytta. Det kunne like gjerne blitt diakon-utdanning, men då måtte eg ha flytta til Oslo, og det ville eg ikkje, forklarer Margit Haver.

Glatte vegar og mykje køyring

Ho tek i mot Suldalskjelda med nykokt kaffi og me tek plass i eit stille kontor inst i gangen på prestekontoret på Garameset. Der viser ho fram eit ark med to bibelvers som ho fekk av biskopen. Det første fekk ho då ho starta i jobben, det andre når ho er i ferd med å slutta.

Eg vil gjera deg vis og læra deg den vegen du skal gå, eg vil la mitt auge kvile på deg og gje deg råd. Salme 32,8.

Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går. Josva 1, 9.

Då ho blei tilbydd jobb i Suldal, var ho skeptisk til lang køyring og glatte vegar. Med tida har Margit lært seg å setja pris på timane i bil der ho får tid til å samla tankane mellom arbeidsoppgåvene. Den store glatta har ho også sluppe unna, fortel 67-åringen smilande. Ho fekk etter kvart ei ro over seg om at det var i Suldal ho skulle vera.

Vil sakna Suldal

Margit og ektemannen Hans Eirik Haver har budd på Sand. Mannen er fastlege i Strand, men har pendla trufast inn til kona fleire gonger i veka og er også medlem i soknerådet på Sand.

–Hans Erik er om mogleg blitt endå meir glad i Suldal enn meg. Me har diskutert å kjøpa oss ein fritidsbustad, enno er ikkje noko bestemt, men me kjem heilt sikkert til å komma ofte på besøk også etter me flytter tilbake til huset vårt på Jørpeland, forsikrar ho.

Då kom hadde ho planar om å bruka naturen mykje, men me forstår at det har blitt så som så med trimming. Difor har Margit som mål å komma i betre form som pensjonist. Eit anna mål er å få meir tid til å vera bestemor for dei seks barnebarna hennar tre barn har gitt henne. Og i mars neste år slår ektemannen følge inn i pensjonistanes rekker.

Margit har elles planar om å forbetra gresken sin som pensjonist og trenga djupare inn i teologien. Ein lenge nedsleppt og overgrodd hage på Jørpeland vil også krevja sitt, forstår me. Men noko superhusmor tek ho ikkje sikte på å bli i sitt nye liv. Og etter å ha fått tid til å landa litt, utelukkar ho ikkje enkelte vikaroppdrag som prest. Eit ønske er å få jobba på frivillig basis med menneske med psykisk utviklingshemming.

Skal trimma meir

Sjølv om ho ikkje har mosjonert noko særleg, har presten likevel rusla ein del turar, gjerne langs Lågen på Garaneset, når ho har hatt trong for å få luft til tankane. Margit legg ikkje skjul på at dei siste åra har prestearbeidet kravd meir og meir tid, og ho kjende det var på tide å gi seg. Det er spesielt kontorarbeidet med skriving av rapportar og skjema som tynger.

–Eg kavar meir og ting går meir innpå meg, påpeiker ho.

Den største gleda har ligge i alle menneskemøta, samtalane med dåpsforeldre og livlige barn, gamle på dagsentra. Presten har også lete seg imponera over kor mykje suldølen arbeidar og ho har sett dei tette banda folk har til naturens gong. Ho har sett det trøytte draget i ansikta til konfirmantforeldra om våren då alt liv på gardane kjem til verda, ho har fått høyra om tunge tak og tunge bører då ho har samtalt med familiemedlemmar til dei som er døde, i forkant av minneordskrivinga.

Ho opplever suldølen som reale folk som har lært henne mykje om livet og naturen. Ho hugsar spesielt konfirmanten som lurte på om ho visste kva ein jase er? Det rike kulturlivet i kommunen er også noko ho vil sakna. Og litteraturgruppa er ein av få stader der ho ikkje heile tida treng å vera presten, sjølv om det også her kan komma spørsmål av teologisk art, seier ho muntert.

Ros og ris

Å komma utanfrå er nok ein fordel i jobben som prest, trur ho. Det kan bli vel tett om ein er prest i heimkommunen. Men det har likevel storma litt også rundt hennar person. Spesielt i saka som gjeld homofilt samliv, kom det ein del sinte telefonar, hugsar ho. Men ho går sjeldan i forsvar.

–Eg er ein person som reagerer innover og ikkje utover, konkluderer ho 67--åringen.

Men også godorda kjem presten Margits veg.

Ofte får ho høyra at ho er så alminneleg, og det er den beste rosen ho kan få, forsikrar ho.

Fotograferinga må skje på turstien ved Suldalslågen der ho titt har tusla. Her veks også nokre tuer kvitveis, ein blom Margit ser umåteleg stor pris på, for på Jørpeland veks ikkje denne blomen. Det er for mykje leire i jorda der, forklarer Margit og set seg på huk for å nyta ein av favorittblomane medan Lågen buldrar våryr forbi henne

Margit Haver si siste gudsteneste er i Marvik kapell søndag 19. juni. 12. juni er det offisiell avskjed i Erfjord kyrkje.

Tilbake