Dåpsskule for 2. klassingar i Suldalsosen


Frå 27. oktober og framover mot advent vert det dåpsskule i Suldal kyrkje
 

 

I haust vert det dåpsskule for 2. klassingane som går på Vinjar skule. 
På dåpsskulen vil me ha det kjekt saman, ete litt mat, høyre nokre bibelhistorier, utforske kyrkja, syngje, tulle, lage noko fint, høyre frå boka 'Tre i et tre'...og heilt sikkert mange andre ting :) 
Dåpsskulen vert i Suldal kyrkje 5 torsdagar frå kl 14:10 til ca 15:30.

Datoane for dåpsskulen er: 27/10, 3/11, 10/11, 17/11 og 24/11. Me skal dessutan delta i familiegudstenesta søndag 27/11 :) 
Me gledar oss til å bli kjende med flotte deltakarar! 

Her kan de melde på barnet.

Ta kontakt med meg (Nina) dersom de ikkje får til påmeldinga, eller om de lurer på noko -  tlf 91 52 19 44, epost nn372@kyrkja.no :) 

Tilbake