Babysong hausten2022


Velkommen til babysong!

 

 

Har du ein baby og litt ledig tid om torsdagane - ja då er du hjarteleg velkomen på babysong!

Me samlast på torsdagar frå klokka 11.00 på Sand bedehus.

Datoar for hausten: 15/9, 22/9, 29/9, 6/10, 20/10, 27/10, 3/11, 10/11, 17/11 og 24/11.

Først har me ei songstund på ca 35 min. Etterpå har me kaffi/vatn om de vil sitje ei stund - og kanskje ete niste. Heilt valfritt, sjølvsagt - gjer det som passar best 😊

Meld dykk på her om de ønskjer å vere med (de treng sjølvsagt ikkje vere med kvar gong sjølv om de melder dykk på! Men de vil få info og påminningar på sms :) )

 

Kva er babysong?

  • Song, musikk, rim og regler, rytmeinstrument, såpebobler m.m
  • Ei kjekk stund saman for babyen og mor/far
  • Babyar som har stor glede av å sjå kvarandre og vere saman
  • Treffstad for nybakte foreldre med god tid til prat

 

Tilbake