Alle rettigheter 2019 Suldal kyrkjelige fellesråd

Vandring gjennom Bibelen for barn - eit tilbod til skulane


Elevar på mellomtrinnet får oversikt over bibelforteljingane gjennom stikkord og handrørsler

 

Biletet er frå første gongen Vandring gjennom Bibelen blei gjennomført på Vinjar skule. Her er det full konsentrasjon om stikkord og teikn; ei god hjelp til å hugsa. Elevane held opp fire fingrar for bokstavane SALT: Sara, Abraham Lot og Tarah reiste frå Ur nede ved Persiabukta, som har veldig salt vatn. Heile klasserommet er eit «kart» over Midtausten der forteljingane foregår. Anne Berit er på veg til å peika på Genesaretsjøen, Jordanelva og Dødehavet; som ligg på golvet.
At tavla i bakgrunnen står på og viser ordet Smart, er ikkje planlagt. Men dette er jo ei smart undervisningsopplegg då smiley

Undervisningsopplegget Vandring gjennom Bibelen for barn er laga av bibelselskapet og tilpassa både læreplanen for KRLE på mellomtrinnet i skulen, og den boka kyrkja gir til 5. klassingane. Det kan berre brukast i skulen og ein må gjennomføra eit kurs for å kunna ha opplegget. Lærar Anne Berit Malum Solvang og kyrkjelydspedagog Turid Børtveit Skjelstad tok kurset for nokre år sidan og har tilsaman hatt opplegget på nesten alle skulane i kommunen. Det er kanskje enno ikkje så godt kjent, men skulane i Suldal har heile tida dette tilbodet frå kyrkja. Det består av to dobbelttimar, ein om Det gamle testamentet og ein om Det nye testamentet. Nå er det nye elevar på mellomtrinnet og det er aktuelt med nye besøk på skulane. Skulen kan ta kontakt med kyrkjekontoret (Turid) om avtale.  Les meir om opplegget her

Tilbake