Alle rettigheter 2019 Suldal kyrkjelige fellesråd

Ryfylkedagane



Rette svar og heldige vinnarar

 

Det var kyrkjekaffi og god drøs under teltduken til kyrkja sin stand på Ryfylkedagane, og heile 49 personar deltok i Kyrkjequiz. Det var mange rette svar, men å få alt rett viste seg å vera svært vanskeleg. Det dei fleste bomma på, var antal gudstenester i kyrkjene i Suldal i 2019, rett svar er 108. Å vita kven som er eldst av prestane eller kva salme som står først i den nye salmeboka, var heller ikkje lett.
Det var berre Unni og Bjørn Eikeland som klarte å kryssa rett på alt. Dei får gåvekort på Krambua blomster.

Her er dei rette svara: 1. Det viktigaste å vita om Gud er at Gud er glad i meg, 2. Margit Strandenæs Haver er eitt år eldre enn Asbjørn Salthe, 3. Av dei tre organisasjonane er det Den norske kyrkja som har flest medlemer i Suldal kommune. 4. Det blei slutt på statskyrkje 1. januar 2018, (Det var ikkje noko spørsmål nr 5) 6. Herre Gud ditt dyre namn og ære står som nr 1 i salmeboka, 7. Det første rommet du kjem inn i i kyrkja heiter våpenhus, 8. Det er 108 gudstenester i kyrkjene i Suldal i 2019, 9. Ordet pentekoste tyder femtiande, 10. «skjerfet» presten brukar heiter stola, 11. Suldalskyrkja blei innvigd i 1852

18 barn deltok på Tipp og vinn om dåpsklubben Tripptrapp. Alle fekk premie, og desse blei trekte ut til å få hovudpremiane: 1. premie gjekk til Kevin Havrevoll (boka Guds barn Bibelforteljingar fortalde av Desmund Tutu) 2. premie Gjekk til Trygve Høie (Sommeraktivitetsboka)

Asbjørn Salthe lurte på kva folk ville han skulle preika om på pinsegudstenesta i Sand kyrkje. Fleire nytta sjansen til å koma med stikkord. Denne helga blei difor preika ikkje skrive ferdig før laurdag kveld.

Tilbake