Alle rettigheter 2019 Suldal kyrkjelige fellesråd

Fasteaksjonen 2019


Bøsseinnsamling til Kirkens Nødhjelp.

 

Konfirmantane i Suldal var med på Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon tysdag 9. april. Dei gjekk (og blei køyrde) frå hus til hus i heile Suldal. Takk til dykk som tok vel i mot konfirmantane og støtta årets fasteaksjon. Pengane som kom inn går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med reint vatn og sanitær i utsette område rundt i verda.

I år blei det samla inn kr 85 068 fordelt slik på sokna:

Sand       kr  21 176
Erfjord     kr  16 308
Suldal      kr  32 654
Jelsa       kr  14 930

Dette er eit så bra resultat at me ligg på 3. plass i Rogaland på innsamla beløp pr innbyggjar (kr 22,50) og på 13. plass i Norge!

Tilbake