Alle rettigheter 2019 Suldal kyrkjelige fellesråd

Tårnagentar


Nitten 3. klassingar frå Vinjar, Sand, Erfjord og Jelsa skule var med på tårnagenthelg i Sand kyrkje 19.-20 oktober

 

 
Her er Vebjørn Aarhus i aksjon med "sjonglering",som gjøglaren Giovanni, på gudstenesta. Motto for helga og tema for gudstensta var "Bruk det du kan best". Eit av oppdraga agentane fekk på laurdag var å førebu gudsteneste til søndagen. Ei gruppe framførte forteljinga "Guds gjøgler" under leiing av Anne Elisebeth skogen. Ei anna gruppe klipte ut ballar i farga papp og skreiv på kva dei var flinke til. Ei tredje gruppe øvde på verset og rappen til Tårnagentsongen, der alle agentane song refrenget, medan ei fjerde gruppe snakka om ein bibeltekst, teikna og øvde på 5-teiknsbøna. 
På laurdag formiddag blei skatten funne også i år, og agentane lærte mykje undervegs. Mellom øktene var oppdraget å fylla på energi gjennom eit godt agentmåltid.


Tårnagenthelg for 3. klassingar
3.klassingane blir inviterte til Tårnagenthelg. Spennande  aktivitetar  i kyrkjerommet, tårnet og utanfor kyrkja ein laurdag. Det blir og i løpet av dagen planlagt ei gudsteneste som barna deltek i på søndagen. Den blir avslutta med kyrkjekaffi/saft. Dette er eit fellesarrangement for alle sokna i kommunen. Det har rullert mellom kyrkjene, har vore i Suldal, Sand, Erfjord og Jelsa. Men for å gjera planlegginga litt enklare, har det no vore i Sand kyrkje og bedehus nokre år på rad.
 


Agentar på veg til oppdrag i tårnet


Kyrkjeklokka i Sand kyrkje blir undersøkt


Frå kyrkjetårnet er det god utsikt

Tilbake