Alle rettigheter 2020 Suldal kyrkjelige fellesråd

Dåpsskule


Dåpsskule i Erfjord kyrkje for 1. klassingar startar onsdag 11. mars rett etter skuletid.  Invitasjon og påmeldingslink ligg på denne sida.

 

 

1.  klassingane på Erfjord skule er velkomen til dåpsskule i Erfjord kyrkje. Invitasjon kjem i posten, men ligg også her

Påmelding

Åtte 2. klassingar i Suldal gjekk på dåpsskule hausten 2019. Her er eit bilete frå siste gongen. Prest Asbjørn Salthe var då med. Her står alle rundt døypefonten og lærer om korleis ein dåp foregår. Me øvde og på prosesjon m.m. til gudstenesta dei skal vera med på.



Her er fire av dei seks som gjekk på dåpsskule i Marvik hausten 2019 i full sving med siste øvinga før gudstenesta startar, saman med kyrkjelydspedagog Turid Børtveit Skjelstad. Til høgre i biletet skimtar me lysa dei skal bera inn i prosesjonen. Dei har dei pynta på dåpsskulen.

Dåpsskule  for 1. eller 2. klassingar
Alle barn i kommunen som står i kyrkja sitt medlemsregister, blir inviterte til dåpsskule enten i 1. eller 2. klasse. Dåpsskulen er 5 samlingar  i kyrkja rett etter skulen. Elevane blir henta på skulen, og dei som skal på SFO blir fylgde tilbake dit. Me begynner alltid med eit lite måltid. Ulike tema frå boka ”Tre i eit tre” , som alle 6-åringane får, blir trekt inn i opplegget for dåpsskulen; bibelforteljingar, tema som dåp og nattverd, høgtider i kyrkjeåret, ulike ting og symbol i kyrkjerommet, vennskap, og mykje meir. Dåpsskuledeltakarane er òg med på ei gudsteneste ein søndag i løpet av perioden.




Dåpsskulen begynner med mat . Dette er dåpsskulen i Suldal kyrkje hausten 2014



Det er vanleg at organisten kjem på besøk på dåpsskulen. Då får alle prøva orgelet. Dette biletet er frå siste dåpsskulen i  Erfjord våren 2019. Barna følgjer spent med når Martin Nygård Haug demonstrerer korleis lyden forandrar seg etter kva "knappar" som er ute eller inne. Spennande også at han spelar med både hender og føter.

 

Tilbake