Alle rettigheter 2019 Suldal kyrkjelige fellesråd

Dåpsdagsgåver


 

I alle sokna i Suldal blir det delt ut gåver til barna ved 1-, 2- og 3-årsdagen for dåp. Det har vore litt forskjellig frå sokn til sokn korleis dette har vore organisert og kva som har blitt delt ut.
No blir det gitt like gåver i alle sokna: 
1 år: Kveldsbønplakat
2 år: 2-årsboka
3 år: bibelboka mi
Sand sokn vil fortsetja som før med å levera gåvene på døra så nær dåpsdagen som mogleg. I dei andre sokna blir det levert ein pakke med alle tre gåvene i samband med dåp (oftast på dåpssamtalen). Det er tenkt at ein eller fleire av fadrane skal ta vare på gåvene og levera dei til barnet på 1- , 2- og 3 årsdagane for dåpen. Dei som er døypte i 2016 og 2017 og bur i Erfjord eller Jelsa sokn, er ikkje komne inn i den nye ordninga. Dei får difor bøker på døra på 2- og 3- års dåpsdag.

Frå og med 2017 får 5-åringane i alle sokn ein barnebibel til dåpsdagen (Suldal sokn har hatt denne tradisjonen ein del år allereie)

Tilbake