Kva er trusopplæring?

 

Kva er trusopplæring?

Babysong, 4-årsbok, dåpsskule, tårnagenthelg, 5. klasseleir, konfirmasjon…. Alt dette, og meir til, er del av kyrkja si trusopplæring i Suldal.  (Dette kan du lesa meir om andre stader på nettsida.)

Er trusopplæring noko nytt?

Nei. Opplæring i kristen tru har har me hatt i heilt sidan kristendomen kom til landet vårt. Men...

 

Stortingsmelding og reform

Omgrepet «trusopplæring» blei i Den norske kyrkja innført i byrjinga av 2000-talet, nærare bestemt i samband med Stortingsmelding nr. 7 (2002-2003): «Trusopplæring i ei ny tid. Om reform av dåpsopplæringa i Den norske kyrkja».

Dåp og opplæring høyrer saman, den som blir døypt skal ha opplæring i kva dåpen er. Den nemnde stortingsmeldinga frå 2002-2003 slår fast at «Barn og unge har rett til opplæring i eiga tru», og seier vidare: «Tidlegare var opplæringa av dei døypte eit ansvar for den offentlege skulen. Utviklinga innan skulen dei siste 20-30 åra har markert at dette ikkje er skulen si oppgåve. Dåpsopplæringa har dermed mindre omfang no enn før.

Regjeringa har som mål at dåpsopplæringa i kyrkja vert utvikla og utvida slik at alle kyrkjelydane i landet skal kunne gi eit systematisk og samanhengande tilbod frå barnet vert døypt til fylte 18 år. I denne meldinga gjer departementet nærare greie for grunnlaget og målet for styrkinga av dåpsopplæringa, dei utfordringane som kjem som følgje av målet, og korleis vegen mot målet kan formast.»

Det skulle dessutan løyvast statlege midlar til dette, til alle kyrkjelydar i løpet av ti år.

 

Denne meldinga blei møtt med takk og glede i kyrkja, og reformarbeidet blei sett igong med stort engasjement.  «Størst av alt» var namnet reforma fekk og denne logoen blei laga




Plan for trusopplæring GUD GIR - VI DELER
I 2010 kom Den norske kyrkja med «Plan for trusopplæring med tittelen «Gud gir – vi deler». Utifrå denne skal kvart kyrkjesokn laga sin lokale plan for «ei systematisk og samanhengande trusopplæring for alle døypte i alderen 0-18 år, uavhengig av funksjonsevne». Planen finn du på Den norske kyrkja si nettside  www.kyrkja.no (viss du klikkar deg vidare til Barn og unge, Størst av alt...) Her finn du og Stortingsmelding nr 7 (2002-2003)

 

I Suldal

Lokal plan: "Å høyra til"

Hausten 2013 fekk endeleg dei siste kyrkjelydane, inkludert kyrkjelydane i Ryfylke prosti, tildelt dei statlege trusopplæringsmidlane som var lova.

Då hadde me i kyrkjelydane i Suldal allereie lenge vore igong med å byggja opp trusopplæringa. Suldal kommune har betalt løn for trusopplæringsmedarbeidar sidan 2006. Det har gjort det mogleg å utvida arbeidet skritt for skritt, med tilbod til fleire aldersgrupper.

No begynte jobben med å systematisera dette og få det inn i "dei rette skjema".

Frå mars 2015 til juni 2016 var eit planutval med ein representant frå kvart sokn i arbeid, saman med kyrkjelydspedagogen og dei to sokneprestane.

Desse var med i planutvalet: Suldal sokn: Judith S. Litlehamar, Sand sokn: Ingrid Grov, Erfjord sokn: Hilda Kilane, Jelsa sokn: Gerd Jane Guggedal.

Sokneråda vedtok dei fire planane (ein for kvart sokn men mykje er likt for alle sokn) og dei blei sende til godkjenning til biskopen. I august 2016 blei planane godkjende, med merknader om kva me må arbeida vidare med.


Planane våre heiter " Å høyra til"
og har følgjande hovudmål for trusopplæringa:

Me vil leggja til rette for at den døypte kan leva og veksa i den kristne trua

(frå dåpsliturgien).

Namnet på planen,  «Å høyra til», er hovudoverskrifta. Her legg me til: -«hos Jesus - i kyrkja- i Suldal (ev.Erfjord, Jelsa, Sand) - i verda - i Guds rike».

Me viser til Markus 10, 13-16, som også er ein del av dåpsliturgien:

Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort. Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei.

 

 

At Suldal kyrkjelege fellesrådsområde fekk tildelt dåpsopplæringsprisen for 2012, er eit bevis på at me har fått til noko. Men litt står enno att før me har tilbod for alle frå 0 til 18 år og me kan seia at me har nådd målet for stortingsmeldinga og trusopplæringsplanen.

I arbeidet med ny trusopplæringsplan har me lagt vekt på å visa til alt det flotte arbeidet for barn og unge som vert drive heilt på frivillig basis…

 

Frivillig arbeid

...for i dette biletet må me ikkje gløyma alle søndagsskular, barnelag, speidarlag, kor, KRIK m.m.m som har gjort, og framleis gjer, ein formidabel innsats. Kyrkja står ikkje åleine om oppdraget om å nå barn og unge med bodskapen om Jesus.

Økonomiske midlar når ikkje langt om det ikkje finnes menneske som kan gjera arbeidet, dei fleste må gjera det utan løn, enten det er i eller utanfor Den norske kyrkja.

 

 

 

 





 

 

13. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Suldal kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando