Dåpsskule

Dåpsskule  for 1. eller 2.klassingar
Alle barn i kommunen som står i kyrkja sitt medlemsregister, blir inviterte til dåpsskule enten i 1. eller 2. klasse. Dåpsskulen er 5 samlingar  i kyrkja rett etter skulen. Elevane blir henta på skulen, og dei som skal på SFO blir fylgde tilbake dit. Me begynner alltid med eit lite måltid. Ulike tema frå boka ”Tre i eit tre” , som alle 6-åringane får, blir trekt inn i opplegget for dåpsskulen; bibelforteljingar, tema som dåp og nattverd, høgtider i kyrkjeåret, ulike ting og symbol i kyrkjerommet, vennskap, og mykje meir. Dåpsskuledeltakarane er òg med på ei gudsteneste ein søndag i løpet av perioden.




Dåpsskulen begynner med mat . Dette er dåpsskulen i Suldal kyrkje hausten 2014



Det er vanleg at organisten kjem på besøk på dåpsskulen. Då får alle prøva orgelet. (Suldal kyrkje hausten 2014, organist Martin nygård Haug.)

 



Her har dei fire dåpsskule-deltakarane på Jelsa våren 2016 teikna seg sjølv og limt seg opp i treet saman med dei tre hovudpersonane i boka Tre i eit tre. Når Sakkeus ein dag kom og sette seg i same treet, blei det tilsaman åtte i eit tre, og Jesus som står nedanfor og ser på dei.

24. juli 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Suldal kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando