Dåpsdagsgåver


I alle sokna i Suldal blir det delt ut gåver til barna ved 1-, 2- og 3-årsdagen for dåp. Det har vore litt forskjellig frå sokn til sokn korleis dette har vore organisert og kva som har blitt delt ut.
Det vil etterkvart bli like gåver i alle sokna:

1 år: Kveldsbønplakat
2 år: 2-årsboka
3 år: bibelboka mi
Sand sokn vil fortsetja som før med å levera gåvene på døra så nær dåpsdagen som mogleg. I dei andre sokna blir det levert ein pakke med alle tre gåvene i samband med dåp (oftast på dåssamtalen). Det er tenkt at ein eller fleire av fadrane skal ta vare på gåvene og levera dei til barnet på 1- , 2- og 3 årsdagane for dåpen.

Frå og med 2017 får 5-åringane i alle sokn ein barnebibel til dåpsdagen (Suldal sokn har hatt denne tradisjonen ein del år allereie)

22. oktober 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Suldal kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando