6-årsbok

 

6-åringar Tre i eit tre
6-åringane får  boka ”Tre i eit tre”. Denne boka handlar om tre barn som har ein hemmeleg klubb i eit hemmeleg tre. Boka begynner i den sommarferien dei sluttar i barnehagen og skal begynna på skulen. Difor passar det spesielt bra viss ein deler ut denne boka i ei gudsteneste seint på våren, men det er ikkje lett å få det til å gå opp slik at me får det til i alle sokn. Boka følgjer barna gjennom eit heilt år, alle årstider og høgtider i kyrkja, gudstenester, dåp, nattverd og gravferd. Denne boka fenger barna og har ein lun humor som vaksne kan ha like stor glede av. Flott til høgtlesing i heimane.
Boka blir vanlegvis delt ut i ei gudsteneste der 6-åringane blir spesielt inviterte, oftast på våren/forsommaren.
På Sand har me prøvd ut eit nytt opplegg som heiter "førsteklasses", ei samling for dei som nettopp har begynt på skulen. Det blir det i august 2018 òg.


 

 

15. november 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Suldal kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando