4 år

 

4-årssamling og 4-årsbok
4-åringane får boka «Mi kyrkjebok 4» utdelt på ei familiegudsteneste. Ein ettermiddag i veka før utdelinga er det samling i kyrkja der dei blir kjende i kyrkjerommet og får førebu seg til og øva på det som skal skje i kyrkja på søndagen. Dei øver både på å gå inn i prosesjon, å ta imot bok og å synga nokon av songane som står i boka. I tillegg får dei som oftast læra litt om korleis ein dåp føregår ved å ”døypa” ei dokke. Eit kveldsmåltid høyrer òg med til samlinga. Etter nokre års erfaring med desse samlingane, ser ein tydeleg kor mykje tryggare barna er på gudstenesta når dei har vore med på slik øving.

 

 

4-årssamling Erfjord 2012.

Far og dotter i full konsentrasjon (Leit i kyrkja og finn det som er på bileta)

 

 

4-årssamling i Sand kyrkje 2014

Utdeling av 4-årsbok hausten 2017 :
 

Utdeling av 4-årsbøker hausten 2017.
Det skjer i gudstenesta desse søndagane:

Erfjord 10. september
Marvik 17. september
Sand 17. september
Jelsa 1. oktober
Nesflaten 26. november
Suldal 3. desember


Dei fleste stadene blir det ei ettermiddagssamling for 4-åringar og foreldre/fadrar  i veka før gudstenesta. Det blir sendt ut invitasjon ei stund på førehand til alle som står i kyrkja sitt medlemsregister. Har du ein 4-åring som ikkje har fått invitasjon, ta kontakt med kyrkjekontoret.

13. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Suldal kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando