5.klasse: Bibel og leir
5.klasse: Bibel og leir

I løpet av 5. klasse vil borna i Suldal bli inviterte til gudsteneste ilag med familien sin. Dei vil i gudstenesta få boka "Bibelen- ei vandring gjennom den store forteljinga" i gåve frå kyrkjelyden. 


Leir på Furutangen
5. klassingane frå heile kommunen vert òg inviterte til å delta på leir.
Leiren er på Furutangen leirstad på Randøy. Her er det bånn gass frå morgon til kveld, med aktivitetar, samlingar, måltider og mykje kjekt!

 Våren 2018 var det 5. - 6. klasseleir 6.-8. april (det var ikkje leir i 2017)

Leir er å ha det gøy ilag samtidig som ein får læra meir både om Bibelen og misjon. Leiren har i mange år vore eit samarbeid mellom kyrkja i Suldal og NMS-U (Det Norske Misjonselskap sin barne- og ungdomsorganisasjon). 


I "Tarzan-løypa." Her er det godt samarbeid som blir premiert.


Her er nokre bilder frå leiren i 2011:
Tjueto 5. klassingar frå Vinjar, Sand, Erfjord, Jelsa og Marvik skular var med den gongen.

 På leir er det mykje leik.



 
Full konsentrasjon på bibeltime

 
Kveldsbøn



17. august 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Suldal kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando