Kostnader ved gravferd
Kostnader ved gravferd

Det er fastsett betalingssatsar for gravferd for dei som ikkje er busette i kommunen og for kyrkjeleg seremoni for dei som ikkje er medlem i Den norske kyrkja.

Avdøde personar som ved dødsfallet budde i kommunen har rett til fri grav på gravplass her. Kyrkjeleg fellesråd kan tillata at også personar som ikkje budde i kommunen kan gravleggjast på ein av kyrkjegardane her. Det kan då krevjast dekning av kostnadane ved gravferda og avgift som ved feste av grav. (Gravferdslova § 6).  I Suldal kommune kostar det kr 7.000 for tilrettelegging og graving av grav. Festeavgifta for ei grav er kr 2.400 (2018). 

For dei som ikkje bur i kommunen, og for dei som ikkje er medlem i Den norske kyrkja, men ønskjer kyrkjeleg sermoni må det betalast for gravferdsseremonien (Kyrkjelova 20. 2. ledd). Satsane i Suldal kyrkjelege fellesråd kr 1000 for leige av kyrkja og kr 2.530 for leige av kyrkjeleg personell. Utgifter til prest kjem i tillegg. Reglementet for utleige kan de lesa her.



23. oktober 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Suldal kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando