Givarteneste
Givarteneste

Vil du bli med i givarteneste til kyrkjelyden?

Vil du vera med i givarteneste til kyrkjeleg fellesråd og kyrkjelydane i Suldal? Gåvene som kjem inn vil bli brukt til trusopplæring, diakoni og kyrkjemusikk. I trusopplæringa deler kyrkjelydane ut bøker til ulike alderstrinn slik at heimane får bøker om kristen tru tilpassa barna sin alder. I diakoniarbeidet blir det delt ut helsingar til dei eldste i kommunen som har runde dagar.  I kyrkjemusikken blir det arrangert konsertar og andre kulturelle samlingar. Dette er nokon døme på kva pengane går til.  Du kan lesa meir om givarteneste her. Det er mogleg å få skattefrådrag for gåver gitt til kyrkja, men då treng me personnummert ditt for å registrera gåvene. Du finn eit skjema for dette med å trykka her.
Kyrkjeleg fellesråd har nå fått Vipps og enkeltgåver kan vippsast til nr 522166 (Suldal kyrkjelege felleråd). 



23. oktober 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Suldal kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando