Musikk i gravferd
Musikk i gravferd

Informasjon om musikk- og salmeval i gravferd.

Musikk før gravferda

Før klokkeringinga speler organisten eit kvarter med rolig musikk. Dette inkluderer vanligvis salmar og utvalde stykke frå den klassiske musikken. Ta kontakt med organisten om de har spesielle ønskje vedrørande musikken i denne delen.

Solist

Organisten kan gjerne akkompagnera ein song- eller instrumentalsolist. Be vedkomande om å ta kontakt med organisten for å avtala dette før gravferda.

Utgangsmusikk

Til utgangen speler organisten vanligvis eit klassisk stykke. Ta kontakt med organisten om de har eit spesielt ønskje.

Salmar

Det er vanligvis tre salmar inne, og ein salme ute i ei gravferd. Her følgjer nokre forslag:

  • Deilig er jorden
  • Navnet Jesus blekner aldri
  • Deg være ære
  • Sørg du for meg, Fader kjær
  • Til himlene rekker din miskunnhet
  • Himmelske Fader
  • Alltid freidig når du går
  • Med Jesus vil eg fara
  • Jesus, det eneste
  • Ikke en spurv til jorden
  • Velt alle dine veie
  • Nærmere deg, min Gud
  • Tårnhøye bølger går
  • Ingen er så trygg i fare
  • Blott en dag
  • Salige visshet: Jesus er min
  • Ein fin liten blome
  • Jeg er i Herrens hender
  • I dine hender, Fader blid
  • Så ta da mine hender
  • Kjærlighet fra Gud
  • Å leva, det er å elska
  • Guds kjærleik er som stranda og som graset
  • Fager kveldssol smiler
  • O bli hos meg
  • Bred dina vida vingar
  • Den dag du gav oss, er til ende
  • Eg veit i himmerik ei borg
  • Lei, milde ljos
  • Jeg er en seiler på livets hav
  • Ja, engang mine øyne skal
  • Det er makt i de foldede hender
  • Eg er ein gjest i verda


24. april 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Suldal kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando