Musikk i bryllaup
Musikk i bryllaup

Informasjon om musikk- og salmeval ved vigsel.

Inn- og utgangsmusikk

Her blir brukt alt frå tradisjonelle bruremarsjar til popmusikk. I utgangspunktet har me piano og orgel tilgjengelige i kyrkjene (bortsett frå i Nesflaten kapell, der det bare er orgel). Me vil gjera vårt beste for å etterkomma musikkønskja de har, men ikkje all musikk eignar seg godt på orgel eller piano. Ta derfor kontakt med organisten i god tid på førehand, så me kan finna ei god løysing!

Solist

Organisten kan gjerne akkompagnera ein song- eller instrumentalsolist, men vedkomande må ta kontakt med organisten for å avtala dette i god tid før vigselen. Me kan ha med mikrofon og lydanlegg til songar.

Salmar

Det er vanligvis to salmar i ein vigselsseremoni. Her er nokre forslag, med salmenummer frå Norsk salmebok 2013:

  • 1 Herre Gud, ditt dyre navn og ære
  • 197 Deg være ære
  • 220 Lov Jesu namn og herredom
  • 229 Den signede dag
  • 233 Kjærlighet er lysets kilde
  • 240 Måne og sol
  • 280 Store Gud, vi lover deg
  • 281 Hellig, hellig, hellig
  • 309 Lovsyng vår Herre
  • 320 Ærens konge, nådens Herre
  • 342 Amazing grace
  • 383 Jeg vil gi deg, o Herre, min lovsang
  • 409 I dine hender Fader blid
  • 415 Alltid freidig
  • 416 Du Far og Herre, du som rår
  • 440 Kom, kom og hør et gledens ord
  • 482 Deg å få skode
  • 651 Kjærlighet fra Gud
  • 666 Å leva det er å elska
  • 670 Til kjærleik Gud oss skapte
  • 678 Vi rekker våre hender frem
  • 715 Gud du er rik
  • 734 Guds kjærleik er som stranda
  • 759 Fagert er landet
  • 844 No livnar det i lundar
  • 854 No stig vår song


20. juli 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Suldal kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando