Dåp i kyrkjene i Suldal
Dåp i kyrkjene i Suldal

Her finn du ei orientering om dåp i kyrkja.

Dåpen – ei gåve
For mange er det å døype barnet sitt noko sjølvsagt, det er tradisjon og det er ein måte å feira det nye livet på.
I dåpen tar Gud imot oss akkurat så eineståande og sårbare som eit nyfødd barn er. Der blir vi Guds barn, og får del i eit større fellesskap med alle døypte - den universelle kyrkja. Dåpen gir også medlemskap i kyrkja.

Korleis bestilla dåp?
Dåpsdag må avtalast i god tid på førehand. Du kan sjekka på nettsida kva tid det er dåp i kyrkja under «Gudstenester». Det er ikkje dåp i alle gudstenester, så kontakt kyrkjekontoret for å få bekrefta at det er dåp på telefon 52 79 02 00.

Bur de ikkje i Suldal kommune, men ønskjer dåp her?
Også personar som ikkje bur i Suldal kan avtala dåp i ei av kyrkjene her. Kontakt då kyrkjekontoret for å avtala dag. Etter at tidspunkt for dåp er avtala, må foreldra ta kontakt med kyrkjelyden der de bur for å ordne papir og avtala dåpssamtale.

Fadrar
Alle som blir døypt skal ha minst 2 fadrar. Fadrane skal vera vitne om at barnet er døypt, vera med å knyta barnet til den kristne tru, be for barnet og følgja det i oppveksten. Oppdraget deler dei med foreldra og den lokale kyrkjelyden.
Fadrane må ha fylt 15 år og vera medlem av Den norske kyrkja eller anna kristent trussamfunn som praktiserer barnedåp (foreldre kan ikkje stå som fadrar).

Dåpssamtale
Før dåpen ønskjer vi å møta dåpsforeldra. Derfor vil de bli inviterte til dåpssamtale med presten før dåpssøndagen. Dåpssamtalen kan ein avtala i kyrkja, i heimen eller på kyrkjekontoret. I dåpssamtalen blir det samtala om kva dåp er og det praktiske rundt dåpsdagen. Det blir også samtala om korleis ein kan følgja opp dåpen og kva opplæring kyrkja gir til barna.


Dåpskjole
De kan låna dåpskjole på kyrkjekontoret. Det er to dåpekjolar til utlån:
Den med rosa band er ei gåve frå Sand sanitetsforeining (er ogås blå band til kjolen).
Den strikka kjolen er ei gåve frå Brita Erøy i Erfjord.

 

 


De kan lesa meir om dåpen her.  

Velkommen til dåp!



23. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Suldal kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando