Gravferd
Gravferd

Ved gravferd i Suldal kommune kan ein velja om ein vil bruka gravferdsbyrå eller organisera gravferda sjølv. For dei som ønskjer å syta for gravferda sjølv er det utarbeidd ei rettleiing. 

  

RETTLEIING I SAMBAND MED DØDSFALL

I Suldal kommune kan ein velja om ein vil organisera gravferd sjølv eller ved hjelp av gravferdsbyrå. Denne rettleiinga er utarbeidd for dei som ønskjer å organisera gravferda sjølv. For dei som engasjerer eit byrå, avtalar dei direkte med byrået kva dei ønskjer å gjera sjølv og kva dei vil overlata til gravferdsbyrået.
       

1.         Varsling til pårørande. Ved trong for prest til varsling av ulukker/akutte
            dødsfall på kveldstid og i helgene melder ein frå til beredskapsprest på tlf 52 80 95 16.
            Beredskapen gjeld frå kl 17.00 - 08.00 tysdag til fredag og heile døgnet laurdag til måndag.
 
2.         Meld  frå om dødsfallet til prest.
            Soknepresten i Jelsa/Erfjord - Margit S. Haver tlf. 52 79 02 08, mobiltlf. 41 28 91 65.
            Soknepresten i Sand/Suldal - Asbjørn Salthe tlf. 52 79 02 04, mobiltlf. 92 44 22 20.
            Gjer avtale om gravferdsdag, plassering av kiste og båreandakt, dersom ein ønskjer
            det. Snakk med presten om val av gravferdssalmer før ein tingar dei. Salmar og songar skal
            føret godkjennast av den presten som har teneste.
            Musikk som skal framførast, skal godkjennast av organisten.
            Presten melder frå til kyrkjeverja, som ordnar med gravplass og graving.
            Kyrkjeverja gir dei nødvendige meldingar til kyrkjetenar og organist.
 
3.         Meld frå til lensmannen om dødsfallet
            Tlf. 52 78 98 98. Dette gjeld anten dødsfallet skjer heime eller i institusjon.
 
4.         Kiste
            Kiste får ein hos Suldal Trevare, tlf. 40 00 09 27/92 08 45 27, dagtid. På kveldstid/i helger: Sand taxi tlf 48 25 48 25. Ved bestilling
            av kiste må ein oppgi namn og adresse til pårørande. Ved bestilling kveld/helg sender ein desse opplysningane på e-post til
            Suldal trevare: einarg@suldal-trevare.no. Meld frå til kyrkjekontoret dersom det er ekstra lang og brei kiste.
          
5.         Treng ein hjelp til stell av den døde og til kistelegging,
            vender ein seg til pleie- og omsorgsavdelinga.
            Suldalsdalføret: Vinjar bu- og omsorgsenter, tlf. 52 79 09 30.
            Sand, Erfjord og Ropeidhalvøya: Heimesjukepleien i Sandssona, tlf. 52 79 23 64  
            (vakttlf. 99 58 34 40)
            Jelsa: Jelsa bu- og omsorgsenter, tlf. 52 79 09 60.
 
6.         Treng ein bårebil 
            kan ein kontakta Leiv Trevland i Suldal kommune, tlf 40 40 63 15. Vikar er
            Inge Olav Jensen, tlf. 45 40 55 01. Sjåføren i bårebilen har nøklar til bårehusa/kyrkjene.
 
7.         Kunngjering i avis
            Så snart gravferdsdag er fastsett, bør ein ordna med annonse. Suldalsposten kan hjelpa til med
            dette, eller ein kan ordna det sjølv.
 
8.         Andre praktiske oppgåver i samband med gravferda:
            Få trykt opp salmar. Dette kan ein få hjelp til på Suldalsposten, ein kan gjera det sjølv eller 
            kontakta eit trykkeri.
            Få sett båra inn i kyrkja.
            Syta for pynting av båra.
            Ein må avtala med 6 personar om bering av båra ut til grava.
            Avtala med ein eller to personar som står ved inngangsdøra og deler ut songar.
            Avtala med nokon som fordeler kransar og blomar før kista blir boren ut slik at blomane kjem med ut til grava.
            Ønskjer ikkje nokon av dei næraste å takka ved grava, bør ein avtala med einkvan som kan gjera det.    
            Det er ein fin skikk å stella i stand til eit samvære etter gravferda.
 
9.         Økonomisk stønad
            NAV har ei ordning med behovsprøvd gravferdsstønad og stønad til båretransport. Meir om dette på www.nav.no.
 
10.       Betaling for bruk av bårebil kistelegging
            Teknisk drift sender rekning for bruk av bårebil. Når pårørande vel å ikkje bruka gravferdsbyrå og sjukeheimen eller heimesjukepleien
            legg i kiste, blir det sendt faktura for arbeidet frå kommunen.
 
11.       Dødsfall på sjukehus
            Dersom nokon døyr på sjukehus, må dei pårørande avtala med eit gravferdsbyrå. Gravferdsbyrået ordnar med kiste og 
            kistelegging. Dei pårørande avtalar tid for henting med gravferdsbyrået eller kommunal bårebil.
 
 
 
 
Rettleiinga er oppdatert august 2016.


23. november 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Suldal kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando