Vigsel
Vigsel

Ønskjer de å gifta dykk i ei av kyrkjene i Suldal?

Ekteskapsinngåing eller vigsel er ei offentlig handling og kan skje kyrkjeleg eller borgarleg. I  nærvær av vitne gir ein kvarandre løfte om å leva saman resten av livet. Ein godkjent vigselperson skal erklæra at ekteskapet er gyldig. Par som er vigde borgarleg, kan i tillegg ha ei kyrkjeleg forbønnshandling for ekteskapet.
 
Bestilling av vigsel
Ønskjer de vigsel i ei av kyrkjene i Suldal, tek de kontakt med kyrkjekontoret på telefon 52 79 02 00 eller e-post: post@suldal-kyrkje.no  for å bestilla tid og stad. 
Når brur eller brudgom bur i Suldal eller har budd her i oppveksten og har nær familie som framleis bur her, så kostar det ikkje noko å gifte seg i kyrkjene/kapella i Suldal.  Dersom ein ikkje har slik tilknyting, må ein betala for bruk av kyrkja, og også for organist, prest og kyrkjetenar.  Dette gjeld også dersom ingen av brudefolka er medlem i Den norske kyrkja. Nærare opplysningar om dette får de på kyrkjekontoret. 
 
Prøving av ekteskapsvilkåra
Alle papir skal ordnast gjennom folkeregisteret. Det skal fyllast ut ulike skjema, og desse kan de  finna  her  eller ved å venda dykk til folkeregisteret i kommunen. Skjemaet "Prøving av ekteskapsvilkår" er det skjemaet som me treng for å gjennomføra vigselen. Dette skjemaet må difor sendast til kyrkjekontoret i god tid før vigsel. Ver merksam på at prøvingsattesten er gyldig kun i fire månader frå utskrivingsdato, så de må ikkje vera for tidleg ute. 
 
Samtale med prest
Når tidspunktet nærmar seg, har de ein samtale med presten som skal via dykk. Her avtalar de salmar og musikk og går gjennom det som skal skje under vigselen. Vigselritualet inviterer til aktiv deltaking frå familie og vener, og det er mogeleg  å setja sitt personlege preg på seremonien.
 
De kan lesa meir på vigsel på www.kyrkja.no  der det også er ein informasjonsfaldar.
 
Velsigning av ekteskap 
Dersom ein har inngått ekteskap ved tinghus eller på ambassade i utlandet, kan ein seinare få ekteskapet velsigna i kyrkja. Ritualet i denne forbønnshandlinga liknar ritualet for vigsel. Tid og stad for velsigning av ekteskap må bestillast i god tid til kyrkjekontoret.
 
 


24. juli 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Suldal kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando